To skadde
To personar er sendt til sjukehus etter at ein personbil kolliderte med ein semitrailer i Dimnakrysset i Ulstein rett før klokka 13 i ettermiddag.
Situasjonen til ei 48 år gamal kvinne er uavklart, medan ein mann i 80 åra kom frå det med lettare skadar, opplyser AMK-sentralen.
Personbilen råka
Dei to skadde sat i personbilen, opplyser politiet. Sjåføren i semitraileren kom frå ulykka utan fysiske skadar.