Hopp til innhold

To til sjukehus

To personar er sende til sjukehus i Molde etter ein kollisjon mellom ein varebil og ein lastebil i Fræna. Det var Brannvesenet som først melde frå om trafikkulykka ved Esso og Coop Extra i Elnesvågen. Dei melde samtidig om svært glatte vegar. Ulykka inneber og at anna trafikk kan få vanskar med å kome seg fram i krysset Fv 663 og Fv 230.