Hopp til innhold

Aalesund og Haugesund måler krefter

To lag frå kvar sin kystby møtes til dyst på kunstgraset i Volsdalen søndag kveld. Dei er tabellnaboar, og både som by og lag har dei mykje til felles.

Aafk

Aalesund tar imot Haugesund til kamp søndag klokka 18.00.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Medan ålesundarane kan synge seg stolte og hese over Brosundet og Hellebroa, har haugesundarane like varme kjensler for Smedasundet og Risøybrua. Også på ein kald oktobersøndag kan ei vandring langs begge desse sunda vekkje lokalpatriotismen hos borgarane i kvar sin by.

Haugesund og Ålesund er to byar med rike sjøfartstradisjonar, der Haugesund husar Sjøfartsdirektoratet og Ålesund er vert forKystdirektoratet. Vi snakkar altså om to maritime kjemper som brakar saman i dag.

Følg Aalesund - Haugesund her

I dag står fotballaga frå desse byane mot kvarandre. Haugesund har før kampen 8.plassen på tabellen. Aalesund er tabellnabo på niande-plass.

Aalesund og Haugesund kjenner kvarandre godt. Men på øvste nivå har det ifølgje Infodtrada Sports aldri endt uavgjort . Haugesund har vunne 3 gonger, og Aalesund 2.

Haugesund har imponert mange etter opprykket til øvste divisjon. Vårsesongen i år var svært bra. Haustsesongen har ikkje vore like bra. Laget kjem dermed til Ålesund for å hente poeng.

– Vi er voldsomt sugne på å avslutte med poeng. Vi vil havne på øvre halvdel av tabellen, og då må vi ha fleire poeng, sier Grindhaug til NRK.

Også Aalesund har planar om å gje alt i kveld. No skal det klatrast på tabellen, ifølgje Fredrik Ulvestad.

– Vi skal ta tre poeng i kvar av dei gjenståande kampane, og vi skal over Haugesund på tabellen, seier Ulvestad til aafk.no.

Aalesund har teke 25 av dei 34 poenga sine i år på heimebane, medan Haugesund har tapt alle dei siste 6 bortekampane.

Og scorar Michael Barrantes i denne kampen, er sjansen stor for at Aalesund går av banen med siger og tre poeng i handa. Statistikken viser nemleg at Aalesund alltid vinn når Barrantes scorar.