Hopp til innhold

To stadfesta omkomne

To av sjøfolka som var ombord det norske ankerhandteringsfartøyet Bourbon Dolphin er funne omkomne.

Bourbon Dolphin
Foto: Bourbon Offshore

Det stadfestar administrerande Trond Myklebust ved reiarlaget Bourbon offshore i Fosnavåg i Herøy.

Båten kantra utanfor Shetland i 18-tida i dag. Det var 15 personar ombord. Alle frå Noreg.

- Dei fleste er frå Sunnmøre, men vi har også mannskap frå andre delar av landet, seier Myklebust.

To omkomne

To av mannskapet er funne omkomne, medan fem framleis er sakna.

- Ti personar er plukka opp av havet. Fem leitar vi framleis etter, seier Myklebust til NRK.