Hopp til innhold

To skular ryk i Gjemnes

Skulane i Gjemnes og Torvik vert lagde ned frå hausten.

Det bestemte kommunestyret i Gjemnes tysdag ettermiddag.

– Allereie i 2007 skjønte me at me var på feil kurs, men me la opp til eit ærleg forsøk på å berge skulane. Me gav skulane ei moglegheit til å kome i balanse i løpet av tre år. Men ved slutten av 2008 var meirforbruket i skulen på 4,4 millionar kroner, og det akselererer framleis. Noko må gjerast, sa ordførar Knut Sjømæling då han innleia debatten, ifølgje Tidens krav.

Vedtaket vart gjort med 12 mot 5 stemmer. Både SV, Frp og KrF ville spare grendeskulane for kutt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL