Hopp til innhold

To sikta for drapsforsøk

Ein 18 år gamal mann og ei kvinne i 20-åra frå Vanylven er sikta for drapsforsøk etter ei brutal valdsepisode i Vanylven natt til torsdag. I følge politiet skal kvinna ha bestilt drapet, og fått 18-åringen til å forsøke å utføre det.

Kart Vanylven

 

Ronny Iden
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Politiet i Sogn og Fjordan har fengsla ein 18 år gamal mann og ei kvinne i 20-åra. Begge er sikta for drapsforsøk.

Det var natt til torsdag at 18-åringen oppsøkte ei anna kvinne i 20- åra, og utøvde særs grov vald mot henne. Kvinna var sendt til sjukehus med fleire brotskadar i ansiktet.

-Utfrå det vi no veit om saka, så meiner vi at dette var eit forsøk på drap. Det seier politiinspektør Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han meiner at 18-åringen opererte på oppdrag frå kvinna i 20-åra som også er sikta i saka.

Kripos kopla inn

I dag skal begge dei sikta avhøyrast av Kripos. -Dei skal bidra med dei taktiske avhøyra av dei sikta, seier Iden.

I dei førebelse avhøyra har 18 åringen forklart dei faktiske omstenda rundt hendinga, utover dette vil vi ikkje kommetere saka, seier Iden.

I følge politiet skal begge dei sikta ha kjent offeret. I følge politiet skal eit barn ha vore tilstades i husværet til offeret då ho vart angripen.

Kvinna i 20-åra er varetektfengslet i fire veker, og i løpet av mandagen vert også 18-åringen varetektfengsla.