Hopp til innhold

To personar i MC-ulykke ved Tresfjordbrua

Passasjeren har smerter i rygg og nakke.

Politi

Det har vore ei MC-ulykke ved Tresfjordbrua i Vestnes. (Illustrasjonsbilde).

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Naudetatane rykte ut til ulykka i rundkøyringa ved Tresfjordbrua. Politiet meldte om ulykka i 18.40-tida søndag.

To personar var involverte, føraren og passasjeren på ein motorsykkel.

Sendt til legevakta med smerter

Passasjeren er frakta til legevakta med ambulanse.

Ifølgje politiet har passasjeren smerter i rygg og nakke.

Tresfjordbrua eit par veker før opning

Tresfjordbrua vart opna i oktober i fjor.

Foto: Statens Vegvesen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL