Hopp til innhold

To personar frakta til legevakt

Det var i utgangspunktet ikkje meldt om personskadar etter at to bilar kolliderte på Averøy tidlegare i kveld. Men når politiet sin patrulje kom til staden, skal ein person ha klaga på smerte i ei arm. Personen og ein til vert frakta til legevakta for sjekk, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege skader. Det var ein person i eine bilen og to i den andre, melder politiet.