Hopp til innhold

To pågripne for kosmetikktjuveri

Ein utanlandsk mann og ei kvinne er arresterte etter tjuveri frå eit parfymeri i sommar. Møre og Romsdal politidistrikt gjekk ut med etterlysing av dei to. I samarbeid med politiet i Trøndelag vart dei pågripne og det blir oppretta utvisningssak. Verdien på kosmetikken dei skal ha stole er på nærare 18.000 kroner, opplyser politiet.