Hopp til innhold

Provosert over bomforslag i Ellingsøytunnelen

Rådmannen i Ålesund går inn for å sette opp bom på Steinvågbrua og ved Ellingsøytunnelen for å finansiere Bypakken med ny innfartsveg. Giskeordføraren er opptrekt over forslaget etter 22 år med bompengar.

Ellingsøytunnelen, Ålesund

Her kan bilistar måtte rekne med å betale dersom rådmannen i Ålesund får gjennomslag for forslaget sitt.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Knut Støbakk

Ordførar i Giske, Knut Støbakk, er provosert over forslaget om å betale bompengar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Bypakken i Ålesund inneber at det vert sett opp bomstasjonar i kommunen, for å finansiere ei omfattande vegutbygging. Det er mellom anna planlagt firefelts veg mellom Moa og sentrum, ny bru over Brosundet og ulike sykkelvegar.

I tillegg til dei 10 føreslådde bommane, meiner rådmannen i Ålesund ar det også bør settast opp bommar på Steinvågbrua og i Ellingsøytunnelen.

Uaktuelt å betale

Innbyggjarane i nabokommunen Giske betalte bompengar i 22 år for å finansiere dei to undersjøiske tunnelane og trudde dei vart spart for å måtte betale meir. Ordførar i Giske, Knut Støbakk (KrF), vil ikkje gå med på forslaget.

– Det er heilt uaktuelt scenario for Giske kommune å akseptere noko slikt. Vi kjem oss ikkje ut av kommunen utan å måtte betale bompengar, seier Knut Støbakk.

Han seier at hans innbyggjarar ikkje får nytte av pengane dei betaler. Det opphavlege forslaget innebar at folk frå Giske kunne kome seg til bysentrum utan å betale.

– I 22 år har innbyggjarane i Giske betalt for å få eit samband som alle har hatt glede av. Dette nye forslaget vil vi ikkje akseptere, seier Støbakk.

Blir ikkje rettferdig

Fungerande rådmann i Ålesund, Ronny Frekhaug forstår frustrasjonen til Giskeordføraren.

– Men bypakken vil ikkje bli rettferdig for alle. Det vil alltids vere nokon som opplever det som vanskeleg, seier Frekhaug.

Saka skal opp i bystyret i Ålesund 22. mai.

Bypakken i Ålesund

Her er det foreslått bompengar i Ålesund kommune.

Foto: Ålesund kommune

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL