Hopp til innhold

Bjørnsonprisen for første gong til to nordmenn

Ein livreddar og ei talskvinne for likeverd for utviklingshemma deler Bjørnsonprisen for 2011.

Marte Wexelsen Goksøyr

MØTTE JENS: Med ei t-skjorte påtrykt «Utrydningstruet» protesterte ho mot forlaget til Ap om ultralyd i 12. veke. Her møter ho statsminister Jens Stoltenberg i vandrehallen på Stortinget.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Skodespelar Marte Wexelsen Goksøyr (29), som er fødd med Downs syndrom, og professor Ola Dirdrik Saugstad, Noregs internasjonalt mest anerkjende barnelege, delar Bjørnsonprisen i år.

I år går prisen for første gong til to nordmenn.

Det er Bjørnsonakademiet som årleg deler ut prisen på 100 000 kroner. Prisen vert delt likt mellom dei to prisvinnarane. I tillegg får dei ein skulptur av bilethoggar Hagbart Solløs og eit diplom.

Konfronterte statsministeren

Marte Wexelsen Goksøyr

PRISVINNAR: Marte Wexelsen Goksøyr.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Marte Wexelsen Goksøyr vart landskjent då ho ved hjelp frå Kristeleg Folkeparti tok seg inn på Stortinget slik at ho fekk møte statsministeren. Bakgrunnen for møtet var at regjeringa i 2007 lova at dei aldri ville fremja eit forslag om ultralyd i veke 12 av eit svangerskap. I februar i år ville Ap likevel fremja forslaget om ultralyd i 12. veke, og ikkje i 18. veke som i dag.

Goksøyr møtte statsminister Jens Stoltenberg etter spørjetime i Stortinget 16. februar kledd i ei t-skjorte som det stod «Utrydningtruet» på. I ettertid vart det retta kritikk mot at opposisjonen har gjort vandrehallen på Stortinget ei teaterscene.

Bare Marte

Ola Didrik Saugstad

PRISVINNAR: Professor Ola Didrik Saugstad

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

I ein dokumentar frå 2007 får ein eit innblikk i kvardagen til Marte Wexelsen Goksøyr. Ho deler ærleg tankane sine med kamera sitt og dei som ser på. Ansikt til ansikt ber ho folk om svar som ho veit kjem til å såre ho.

Barnelege og livreddar

Professor Ola Didrik Saugstad er den barnelegen i Noreg som er mest anerkjend internasjonalt og mest referert nokosinne.

Forskinga hans på gjenoppliving av nyfødde har ført til at fleire hundre tusen barn vert redda kvart år.

Knut Ødegård

LEIAR AV JURYEN: President i Bjørnsonakademiet, knut Ødegård.

Foto: Herskedal, KjelL / SCANPIX

I år fekk han American Academy of Pediatrics – «Landmark Award» for arbeidet. Saugstad har i ei årrekkje vore ein sentral stemme i den offentlege debatten om medisinsk etikk, livsvernspørsmål og forskingspolitikk.

Han er ein skarp kritikarane til «sorteringssamfunnet»

Vert delt ut i Molde

Bjørnsonprisen vert delt ut under Bjørnsonsakademiet sitt seminar om mennesket i sorteringssamfunnet i Bjørnsonhuset i Molde 29. oktober. Der skal prisvinnarane halde foredrag.

Bjørnstjerne Bjørnson-Akademiet Det Norske Akademi for Litteratur og Ytringsfridom vart skipa i 2003, styret vert leia av forfattar Knut Ødegård.