NRK Meny

To mopeduhell i Surnadal

I Surnadal har det for kort tid sidan vore to trafikkuhell der mopedar har kollidert med bil. Det eine uhellet skjedde ved Amfi-senteret i Surnadal. Mopedføraren er sendt til legevakta for sjekk. I det andre uhellet mellom bil og moped i Surnadal, blei mopedføraren påført skrubbskadar, opplyser operasjonsleiar Arild Reite hos politiet. Politiet er opptekne med traktorulukka i Rindal, og har enno ikkje fått undersøkt nærare dei to trafikkuhella i Surnadal.