Hopp til innhold

Asylsøkjarar sikta for valdtekt

To asylsøkjarar sit varetektsfengsla, sikta for valdtekt av ei norsk kvinne 30. desember i fjor.

Det skriv Sunnmørsposten.

Måndag blei ein mann frå Eritrea varetektsfengsla i fire veker.

Saman med ein annan mann er han mistenkt for å ha valdteke ei norsk kvinne i asylmottaket i Sundgata i Ålesund. Begge mennene er asylsøkjarar.

Siktinga og varetektsfengslinga er ut frå det kvinna har opplyst.

Blei konfrontert med DNA-spor

Ifølgje Sunnmørsposten blei den eine av dei to sikta pågripe dagen etter den påståtte valdtekta. Han har vore varetektsfengsla sidan.

Den andre mannen blei funnen 4. februar, ved hjelp av DNA-spor henta frå kvinna sin kropp, ein sigarett og ei ølboks.

Mannen møtte i fengslingsmøte torsdag, der han ønskja seg lauslaten frå varetekt. Han kunne godta meldeplikt, samstundes som han avviste at han hadde planar om å stikke av.

Det fryktar derimot politiet, fortel Sunnmørsposten.

Har fått avslag på asylsøknaden

I fengslingsgrunngjevinga er politiet klare på at den nyleg fengsla mannen kan stikke av. Han har anka til lagmannsretten, men blir sitjande fengsla til ankebehandlinga.

Mannen har fått endeleg avslag på asylsøknaden sin. Politiet fryktar dermed at han vil forsvinne for godt.

I rettsavgjerda torsdag blei det klart at han kan haldast i varetekt inntil anna blir avgjort av politi eller andre myndigheiter, men ikkje utover 7. mars, skriv Sunnmørsposten.

Hevdar ho blei heldt fast

Varetektsfengslinga og siktinga er basert på kvinna si forklaring.

Ho har forklart at dei to mennene tok frå henne mobiltelefonen, heldt henne fast og valdtok henne.

Begge dei sikta seier at det heile skjedde frivillig.