Eldar Kvamme oppdaga heilt tilfeldig at ein båt heldt på å gå ned. Han reiste ut i båt for å redde havaristane, medan kona hans ringde etter ambulansebåten.
Om bord i den havarerte båten var to menn på 21 og 26 år frå Volda og Ørsta. Til politiet har dei opplyst at båten plutseleg begynte å krenge, før han gjekk under. Mennene låg fortsatt i vatnet då Kvamme kom for å hjelpe. Like etter kom ambulansebåten og plukka dei opp. Mennene kom elles uskadde frå havariet, takka vere ein snarrådig redningsmann.