Hopp til innhold

To menn lauslatne – politiet held fram valdtektsetterforsking i Kristiansund

Politiet held fram etterforskinga etter at to menn blei arresterte i Kristiansund i helga.

Det var like etter klokka 03.00 natt til laurdag at politiet fekk melding om ei hending i Kristiansund. I morgontimane blei to menn arresterte. Dei er mistenkte for valdtekt.

– Politiet etterforskar framleis valdtektssaka som det blei meldt om i helga. Dei sikta personane er no lauslatne. Det er gjort tekniske undersøkingar og avhøyr gjennom helga, seier politiadvokat Wenche Brandstad.

Dei to mennene har framleis status som sikta.

Kart over Kristiansund

To menn er arresterte etter mistanke om valdtekt i Kristiansund

Politiet fekk natt til laurdag melding om ei valdtekt i Kristiansund. To menn blei arresterte, men er no slept fri.