Det var like etter klokka 03.00 natt til laurdag at politiet fekk melding om hendinga i Kristiansund. I morgontimane søndag blei to menn arresterte. Dei er mistenkte for valdtekt.
Den fornærma er varetatt og politiet opprettar ei sak på hendinga.
– Det er taktisk og teknisk etterforsking som skal gjerast, seier jourhavande jurist, Christina Sve Hagen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Politiet opplyser at dei ikkje kan gi meir informasjon utover dette.
– Er lauslatne
Måndag opplyser politiet at dei to mennene er lauslatne.
– Politiet etterforskar framleis valdtektssaka som det blei meldt om i helga. Dei sikta personane er no lauslatne, seier politiadvokat Wenche Brandstad til NRK.
Ho seier vidare at det er gjort tekniske undersøkingar og avhøyr gjennom helga.
Dei to mennene har framleis status som sikta.