Hopp til innhold

To koronadødsfall på sjukehus

To sjukehuspasientar i Møre og Romdal er død av korona i april, opplyser helseføretaket.

Ålesund sjukehus

To personar har døydd av korona på sjukehus i Møre og Romsdal i april.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Helseføretaket vil ikkje opplyse verken kjønn, alder eller kva sjukehus pasientane har døydd på. To døydde i april og ein person har døydd tidlegare i år.

– Dette seier noko om alvoret som har kome til oss, seier smittevernoverlege i Helse Møre og Romsdal, Jørn-Åge Longva.

Møre og Romsdal har hatt få innlagde pasientar fram til no og ingen koronadødsfall på sjukehus før i 2021.

Jørn-Åge Longva, smittevernoverlege Helse Møre og Romsdal

Smittevernoverlege Jørn-Åge Longva seier at sjukehusa i Møre og Romsdal no har fleire innlagde koronapasientar enn nokon gong.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Smitten blussa opp

Ålesund hadde eit smitteutbrot før påske. No har smitten blussa opp og over 40 personar har testa positivt sidan torsdag. Dei fleste smittetilfella er relatert til to restaurantar.

I Hustadvika er det 13 nye smittetilfelle.

– Det smittar lett og smittar meir blant dei unge. Det gjer at alle må ta det på alvor framleis, seier Longva. 10 personar er i dag innlagde ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

I heile landet er det innlagt 208 koronasmitta pasientar. 42 av dei får respiratorbehandling, ifylgje oversikta til Helsedirektoratet.

Jobbar doble vakter

Longva seier at dei fylgjer nøye med på smittesituasjonen i fylket og ser alvorleg på at det ikkje er kontroll på smittebølga.

– Vi har merka allereie at vi har hatt fleire innlagde pasientar enn nokon gong i den siste bølga her, seier smittevernoverlegen.

Dei fire sjukehusa har grei kapasitet og tilsette som jobbar doble vakter og ekstravakter. Operasjonar og sjukehustimar går som planlagd.