Hopp til innhold

Tøffe tider for den maritime bransjen

Havila Shipping i Herøy varsla i dag at dei legg to av skipa sine i opplag. Fleire av dei tilsette kjem no til å miste jobben i selskapet.

Havila Shipping i Herøy legg to av skipa sine i opplag. Nokre av dei tilsette kjem til å miste jobben.

VIDEO: To Havila-skip leggjast i opplag fordi vidare drift ikkje løner seg no. Fleire misser arbeidet. Foto/redigering: Nils-Atle Sundnes.

På kontora til Havila Shipping i Fosnavåg står modellen av skipet Havila Mars på ei hylle. No blir dette ankerhanteringfartøyet eitt av to skip som shippingselskapet legger i opplag fordi drifta ikkje lenger lønner seg.

Selskapet lovar å strekke seg langt for å unngå å seie opp av fast tilsette.

– Vi prøvar så godt vi kan å erstatte innleigd arbeidskraft med dei tilsette som no jobbar på desse båtane, men på dette tidspunktet er det vanskeleg å seie noko om kor mange det er som må gå, seier Njål Sævik, administrerande direktør i Havila Shipping.

Mange båtar i opplag

Men selskapet er ikkje aleine. Fleire skip lir den same skjebnen. Fall i oljeprisen, låg økonomisk vekst og redusert olje- og gassaktivitet har slått hardt inn over fleire maritime bedrifter.

I dag er det heile 60 ulike skip som ligg i opplag. Rederiforbundet trur talet kan bli meir enn hundre i løpet av dei neste månadane.

Dei tilsette ved Havila Shipping i Herøy veit at dei kan vente seg eit par vanskelege år med stor uvisse til trass for at selskapet ikkje har konkrete planar om å ta ut fleire skip med det fyrste.

– Nei, per i dag har vi ingen planar om å ta ut fleire skip, men det er vanskeleg å seie noko om korleis dette vil utvikle seg vidare, seier Sævik.

Fleire høgt utdanna arbeidsledige

Også NAV har merka nedgangen innanfor den maritime bransjen. I dag er det totalt 4000 arbeidsledige i Møre og Romsdal, men dette talet er forventa å stige utover hausten.

Per Atle Sjåstad, marknadskoordinator i NAV.

Per Atle Sjåstad, marknadskoordinator i NAV.

Foto: NRK

– Det som er annleis no er at det er veldig mange høgt utdanna folk som har blitt arbeidsledige. Det er utfordrande både for dei som mistar jobben og for oss som jobbar i NAV, seier Per Atle Sjåstad, marknadskoordinator i NAV.

Men ifølgje han er situasjonen ikkje heilt mørk.

– Mange får seg ny jobb, og vi trur det er moglegheiter for dei fleste. Ein må berre sjå litt lenger enn det ein kanskje har gjort tidlegare, seier Sjåstad.

– Berre sist månad var det lyst ut 540 IKT og ingeniørstillingar i Noreg, der kanskje 300 av dei var i Møre og Romsdal. Vi ser at det er mange som kan få seg jobb innanfor læraryrket, offentleg sektor og i kommunar, held han fram.

Sjåstad trur likevel at mange blir nøydd til å omstille seg for å kome ut av arbeidsløysa.

– Skal overleve dei tøffe tidene

Sævik meiner det er ei stor utfordring å sikre lønsemda for alle dei 27 offshorefartøya selskapet har ansvar for. Likevel har han tru på at vinden vil snu.

– Vi trur at oljeprisen kjem til å kome opp på eit høgare nivå enn den ligg på i dag. Vi trur at olje og gass vil vere hovudkjelda til energibruken i verda i mange tiår framover, seier han.

Og sjølv om skip ligg i opplag og tilsette mister jobben, meiner leiinga at selskapet vil overleve nedgangen.

– Vi er trygge på at vi kjem gjennom dei tøffe tidene som vi no står ovanfor, seier Sævik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL