Hopp til innhold

Klare for jubelår med pirk og detaljar

Gardemusikken tar inn nye medlemmer. No har to frå eitt og same korps kome gjennom nålauget. – Det er ikkje så ofte dette skjer, seier kompanisjefen.

Gardemusikken

KNALLHARDT OG MOROSAMT: Musikktroppen i Garden har eit stramt program, og besøker alle landsdelane i løpet av eit år. Her er dei på Nesaksla ved Romsdalseggen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det var meir som eit sjokk. Eg opna mailen og jubla, seier Suzanne Misund.

Korpskollegaen Eskil var også inne på skulebiblioteket. Han skjønte at noko spesielt hadde skjedd. Og då trommeslagaren sjekka mobilen, så hadde også han fått plass i Gardemusikken!

Vestnes skolekorps

Vestnes-dirigent Stijn Berbé (til venstre) er stolt av Suzanne Misund (18) og Eskil Brunvoll Stenødegård (19).

Foto: Hanne Moldver Salthammer

Musikktroppen til Kongens Garde er eit mål for mange ungdommar som satsar på musikk. Det er hard kamp om plassane. Vestnes skolekorps i Møre og Romsdal har 15 medlemmer. No er to av dei tatt opp i musikktroppen.

– Det er ikkje ofte to frå same korps kjem inn, seier kaptein Marita Sæther. Ho er kompanisjef for Gardemusikken. Kvart år har dei ei lang liste med namn på musikkinteressert ungdom som får møte til prøvespeling

Suzanne Misund, Vestnes skolekorps

Suzanne Misund er ein ivrig kornettist i Vestnes skolekorps.

Foto: Hanne Moldver Salthammer

Ein draum går i oppfylling

Den talentfulle kornettisten Suzanne Misund trur det komande året kjem til å bli lærerikt og morosamt. Gardemusikken har ho sett i aksjon kvart år på korps-NM.

– Kvar gong har eg tenkt på kor fantastisk det hadde vore å spele med dei. Og no er det akkurat det eg skal!

Gardemusikken

Det er stemningsfullt når Valdresmarsjen blir spelt midt i naturlandskapet i Romsdalen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Omfattande reiseverksemd

For det norske folk er Gardemusikken kjent for å skape stemning på 17. mai og kongelege festdagar. Men dei turnerer også mykje rundt om i heile landet. Innimellom er det intense øvingsperiodar, med pirk og detaljar.

Joel

Joel Skreosen ser tilbake på året i Gardemusikken med stor glede, sjølv om det var nokre hektiske månader.

Foto: Remi Sagen / NRK

Joel Skreosen (20) frå Porsgrunn var med som trommeslagar for to sesongar sidan.

– Det var det beste og verste året i livet mitt. I alle fall det hardaste. Du lærer deg å tenke enkelt. Det må du, om du skal greie å henge med.

Vil bli komponist

I dag arbeider han som elektrikar i Tyskland, men musikken vil alltid vere viktig i livet hans.

– Draumen er å kunne komponere musikk. Men det er krevjande om ein skal prøve å leve av dette.

Gardemusikken

Det blir mange minne for livet når gardemusikarane reiser rundt i landet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Suzanne Misund skal først gjere unna NM for skulekorps med vestneskorpset, men ser fram til det komande året på ein ny og spennande arena.

Korpset i Vestnes har vore ein fristad og ein plass der eg har funne venner. Samhaldet og vennskapet på øvingar og turar er heilt unikt.

No håper ho å oppleve det same i korpset til kongen.

Gardemusikken

Det går mot natt når Gardemusikken spelar ekstranummer på Nesaksla i Rauma.

Foto: Tore Ellingseter / NRK