NRK Meny
Normal

To forsvann frå fengselet

To personar har forsvunne frå Hustad fengsel i Fræna. Dette blei oppdaga natt til i dag.

Hustad fengsel i Fræna
Foto: Roar Halten / NRK

Sigvart Sivertsen ved Operasjonssentralen for Nordmøre og Romsdal stadfestar opplysningane som Tidens Krav hadde fått tips om.

Til avisa seier Sivertsen at dei to forsvann frå opa soning. Dette skal ha skjedd i løpet av det siste døgnet.

Den eine kom tilbake til Hustad fengsel av eigen fri vilje, medan den andre framleis var på frifot i 12.30-tida.

Politiet set ikkje i verk spesiell leiting etter den siste rømlingen, men vedkomande er etterlyst nasjonalt og patruljane kjem til å ha augene ekstra opne.

– Det blir uansett slutt på opa soning for begge, seier Sivertsen til Tidens Krav.