NRK Meny
Normal

Er dette tanking i lufta?

Dette synet møtte Arnfinn Gautun då han skulle ut på verandaen i Molde for å sjå på det fine haustlyset onsdag ettermiddag.

To fly tankar i lufta over Molde

ACTION: Kva er det som går føre seg her?

Foto: Arnfinn Gautun

– Eg trur det er tanking som går føre seg, seier flyinteresserte Gautun til NRK Møre og Romsdal.

Tett i tett

Arnfinn Gautun kan takke kona for at han fekk sjå det spesielle synet i dag.

– Ho meinte det kom til å bli ein fin solnedgang i dag, så eg måtte ut for å sjå.

Men lyset var plutseleg ikkje så interessant då Gautun oppdaga kva som gjekk føre seg på himmelen over heimen hans i Molde.

Det var fleire som fekk seg ein støkk i Møre og Romsdal onsdag ettermiddag. To kvite striper slynga seg tett saman over himmelen, og dei med ekstra godt langsyn kunne sjå at det var to fly som skapte stripene.

Nokre trudde det var i ferd med å skje ein kollisjon.

Tanking på timeplanen

Men Arnfinn Gautun i Molde vart ikkje uroa over det han fekk sjå. Flyinteressa er stor, og han var i luftforsvaret då han var i militæret, så han konkluderte raskt med at det måtte vere ei militærøving, der tanking i lufta sto på timeplanen.

Men er han heilt skråsikker på det?

– Nei, eg rakk aldri å hente det gode speilreflekskameraet. Bildet er tatt med eit lite lommekamera på full zoom, så eg klarer ikkje å sjå heilt tydeleg kva som skjer der oppe i lufta. Men eg trur det er tanking, seier han til NRK.

Men han er altså open for at det kan vere andre ting som går føre seg i enden av dei tett omslynga kondensstripene på novemberhimmelen.

NATO som øver

Romsdals Budstikke skriv onsdag kveld at NATO for tida øver ved Forsvarets flystasjon på Ørland. Sigurd Tonning-Olsen, som er informasjonsrådgivar ved Ørland hovudflyplass, fortel til avisa at det er øving på tanking Gautun har teke bilete av.

– Styrker frå Geilenkirchen i Tyskland har no ei deployeringsøvelse her oppe. Ein øver då på å flytte materiell og mannskap frå Tyskland og opp hit. Eg trur dei har med seg to AWACS-fly og to tankfly, fortel han.

Og tanking er ei viktig del av rutinen når dei øver slik at flya skal kunne halde seg i lufta over lengre tid.