To personar alvorleg skadde etter frontkollisjon

To bilar har frontkollidert mellom Ulstein og Hareid. Ein person skal vere kritisk skadd og ein er alvorleg skadd.

Frontkollisjon mellom Ulsteinvik og Hareid

Tre personar var involvert i frontkollisjonen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Alle naudetatane rykte ut då to bilar krasja på Eidet. Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.47. Det var totalt tre personar involvert. Den eine bilen hamna i grøfta etter ulykka og dei to personane i bilen sat fastklemde. Begge er no frigjorde av brannvesenet.

– Den eine bilføraren er definert som kritisk skadd og blir henta av luftambulanse, seier oparasjonsleiar Sindre Molnes.

Ulykke mellom Ulstein og Hareid.

To personar blei henta med luftambulanse

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Den andre sjåføren er alvorleg skadd og blir også sendt med helikopter.

Den tredje personen blir frakta til sjukehus i ambulanse.

– Vi veit ikkje kva som er årsaka til ulykka, seier Molnes.

Kriminalteknikarar frå politiet er tilkalla og Statens ulykkesgruppe er kontakta. Politiet jobbar no på staden for å sikre spor og ta avhøyr.

Fylkesveg 61 er stengt. Det er lokal omkøyring for personbilar, men tyngre kjøyretøy må vente.

Bilulykke på Eidet mellom Ulstein og Hareid

Fylkesvegen er stengt, men det er omkøyring for personbilar.

Foto: Arne Flatin / NRK