Hopp til innhold

Kom over i feil køyrefelt i Molde

Sjåføren som kom over i feil køyrefelt i Molde laurdag, er flogen til sjukehus med helikopter. Dei fire andre som var involverte i den kraftige front-mot-front-kollisjonen er no sende til legevakt.

Ulykke ved Nesjestranda i Molde

To bilar front-mot-front-kolliderte i Molde laurdag ettermiddag. Ein person blei truleg alvorleg skadd, fire lettare skadd.

Foto: Roar Strøm

Ifølgje politiet klokka 16.55 var det ein bil som kom over i feil køyrefelt, og frontkolliderte med ein annan ved Nesjestranda i Molde laurdag ettermiddag.

– Vi trur at det har vore for høg fart i forhold til forholda på staden, og at bilisten har mist kontrollen over bilen og kome over i motgåande køyreretning, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt laurdag ettermiddag.

Truleg hardt skadd

Føraren, ein 18 år gamal mann, blei truleg hardt skadd og er no flogen med helikopter frå staden.

I den andre bilen var det fire personar, dei er sende til legevakt i ambulanse og privatbilar, og skal ikkje vere alvorleg skadde.

Dei to bilane kolliderte i ein sving, og politiet trur altså at 18-åringen har mist kontrollen, fekk sleng på bilen og hamna i fronten på bilen som kom imot.

Vegen open

Opprydding etter trafikkulykke

Brannvesenet arbeider laurdag ettermiddag med å rydde vegen der ulykka skjedde laurdag ettermiddag.

Foto: Roar Strøm

Laurdag klokka 17.25 melder politiet at fylkesveg 64 er open igjen, etter å ha vore stengd etter ulykka.

Ifølgje politiet er det også bedt om strøbil til ulykkesstaden. Bergem-Ohr seier han ikkje veit kor glatt det er i området.

Laster Twitter-innhold

Ulykka skjedde om lag 200 meter sør for Vik-tunnelen på fylkesveg 64.

Det er 70-grense på staden.

Laster Twitter-innhold
Alvorleg ulykke ved Nesjestranda i Molde laurdag ettermiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL