Hopp til innhold

To års fengsel for familievald

Ein 44 år gamal familiefar på Nordmøre er dømd til fengsel i to år for vald mot kona og borna. Mannen skal ha trua med å sende dei tilbake til heimlandet om dei fortalde nokon kva som skjedde.

Norges lover

Ein familiefar på Nordmøre er dømd til fengsel i to år for omfattande vald mot kona og borna sine.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Familiefaren kom som flyktning til Noreg i 2009, og sommaren 2011 kom også resten av familien til landet. Ifølgje dommen starta valden umiddelbart etter at familien var attendeført.

Retten meiner han mellom anna tvinga dei ned på kne og stengde fleire av dei inne i ein mørk kjellar. Han trua også med vald og med å sende dei tilbake til heimlandet, dersom nokon av dei fortalde politiet kva han hadde gjort.

Slo med sko og belte

I retten kom det fram at familiefaren ikkje berre slo med hendene, men også med sko eller belte, og at det var lite som skulle til for å provosere han.

Dette kunne skje som følgje av at borna bråka, at dei ikkje åt opp kveldsmaten sin eller såg på tv utan at han hadde tillate det.

I dommen kjem det fram at familiefaren ikkje tillèt at kona eller borna hadde kontakt med nordmenn.

Skulen varsla

I dommen kjem det fram at tre ulike skular, der borna gjekk, varsla barnevernet om at faren var valdeleg mot borna sine. Bakgrunnen for dette var at ungane sjølve hadde sagt det til fleire lærarar.

Men i samtale med barnevernet skulda faren mora for å vere den valdelege.

Nyttårsaftan i fjor var det nok for mora og borna. Då flytta dei til eit krisesenter. I februar i fjor melde barnevernet saka til politiet, og faren blei sikta og pålagt besøksforbod.

Forsvarar bad om samfunnsstraff

Forsvararen til mannen bad om fengselsstraff på vilkår eller samfunnsstraff, men retten avviser det. I dommen heiter det at det regimet han oppretta, basert på vald, truslar og sjikane, gjorde ektefellen og borna svært utrygge og redde.

Retten ser også ekstra alvorleg på at valden har skjedd over lang tid og at borna var små. Den yngste var ikkje meir enn fire år, då faren begynte å slå han. Retten ser også alvorleg på at borna som regel såg på at han slo dei andre, og viser til at dei framleis er redd han.

I tillegg til fengselsstraffa på to år, må han betale kona og borna sine til saman 700 000 kroner i erstatning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL