Hopp til innhold

To arrestert og meldt for svindel

Ein mann og ei kvinne vart måndag kveld arrestert på Moa i Ålesund. Då hadde politiet fått fleire meldingar om personar som hadde prøvd på pengesvindel.

Politi - illustrasjonsfoto
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Tidlegare har me fått fleire meldingar om at fleire foretak som vart oppsøkt av fleire som vil veksle pengar, og at dei vart utsett for svindel, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt.

Fleire tilfelle

Dei siste dagane har politiet fått fleire meldingar om liknande tilfelle, og rundt klokka 19.00 måndag vart ein mann og ei kvinne arrestert. Dei to er utanlandske og i 70-åra og i 50-åra.

– Tidvis kjem det folk som reiser rundt og brukar desse metodane og tileignar seg pengar dei ikkje har rett på, seier Harang.

– Det som går igjen er at det er snakk om tusenlappar og femhundrelappar dei må veksle, og i butikkane oppdagar dei ofte svindelen når dei går gjennom kassa på kvelden, seier Harang.

Må vera på vakt

Operasjonsleiar Ole Bjørn Harang rår om å vera på vakt dersom nokon vil veksle store pengebeløp.

– Det er det klassiske bedrageriet at dei skal kjøpe noko, og så er det forvirring. Dette er innøvd og dei er dyktige, så folk blir lurt, seier han.

– Dersom det kjem nokon som vil veksle eit større pengebeløp vil eg råde dei til å be dei som spør om å gå i ein vekslingsautomat, seier han.

Dei to som vart arrestert er meldt, og politiet etterforskar saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL