Hopp til innhold

To dødsulykker på Sunnmøre

To personar omkom i to trafikkulykker på Sunnmøre måndag ettermiddag. Ulykkene skapte store trafikale utfordringar og timevis med kø fleire stader.

Trafikkulykke Eiksundbrua

Ein person omkom i ein samanstøyt mellom to bilar like før Eiksundbrua i Ulstein kommune på Sunnmøre.

Foto: Tipsar

Dei to ulykkesvegane på Sunnmøre blei seint måndag kveld opna igjen for trafikk etter å ha vore stengt i over fem timar. Klokka 22.10 blei Eiksundtunnelen i Ulstein opna og omtrent ein time seinare blei også fylkesvegen i Sula kommune opna.

Ei kvinne og ein eldre mann omkom i to trafikkulykker som skjedde med mindre enn 30 minutts mellomrom måndag ettermiddag.

Politiet gjennomførte måndag omfattande undersøkingar på dei to ulykkesstadane, men vil så langt ikkje seie noko om kva som var årsaka til dei to ulykkene.

– Det er for tidleg å konkludere på dette tidspunktet. Undersøkingane i dag har tatt tid og det er fordi vi ønskjer å vere sikker på kva som skal ha skjedd, seier Kenneth Sætre, operasjonsleiar i politiet til NRK i 23.00-tida måndag.

To alvorlege ulykker på kort tid

Det var like etter klokka 15.30 måndag at politiet først melde om ei alvorleg trafikkulykke like før ferjekaia ved Sulesund i Sula kommune. To bilar og eit vogntog var involverte i ulykka og det var ein person i kvart køyretøy. Alle naudetatane rykte ut til staden.

Politiet stadfesta seinare at ei kvinne omkom i ulykka. Kvinna var føraren av den eine personbilen.

– Det er så langt uklart kva som har skjedd og vi jobbar på staden, sa Tove Anita Asp, operasjonsleiar for politiet i Møre og Romsdal til NRK i 16.00-tida måndag.

Vegen blei stengt umiddelbart som følgje av ulykka. Vegen var stengt til klokka 23.00 og kriminalteknikarar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen brukte fleire timar på å gjennomføre undersøkingar på staden.

Trafikkulykker Sunnmøre

Front mot front-kollisjon

Like etter klokka 16.00 skjedde det også ei trafikkulykke mellom to bilar på fylkesveg 653 ved Eiksundbrua i Ulstein kommune.

Kø Eiksund

Det var måndag lange køar på Eiksund i Ulstein som følgje av ulykka like før Eiksundtunnelen.

Foto: Tipsar

– Ein eldre mann omkom i ei front mot front-ulykke. Den andre bilføraren blei lettare skadd og har smerter i ei skulder, sa Tove Anita Asp, operasjonsleiar i politiet, til NRK etter ulykka.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til ulykka, men det var ifølgje politiet glatt på staden.

Kriminalteknikarar frå politiet jobba lenge på staden og fylkesvegen blei stengt i timevis som følgje av dette. Klokka 22.10 måndag kunne politiet melde at dei var ferdige på staden og at vegen var open igjen.

Trafikale utfordringar

Ferjesambandet mellom Sulesund og Hareid vil også starte opp igjen seint måndag kveld, det opplyser politiet. Ferjene på sambandet måtte gå mellom Hareid og Solavåg ettersom vegen til Sulesund var stengde som følgje av ulykka. Det skapte trafikale utfordringar og lange køar på Solevåg ferjekai måndag. Det at omkøyringsvegen via Eiksund blei stengt var også med på å skape lange køar begge stadar.

Ved Eiksundtunnelen i Ulstein blei det meldt om fleire kilometer med kø. Nokre hadde stått timevis i kø då vegen til slutt blei opna igjen like etter 22.00 måndag kveld. Då hadde vegen vore stengt i om lag fem timar.

Trafikkulykke Eiksundbrua

Ein person omkom i ein samanstøyt mellom to bilar like før Eiksundbrua på fylkesveg 653.

Foto: Tipsar