Hopp til innhold

Tre skadde i frontkollisjon i Kristiansund

Tre personar blei sendt til sjukehus etter ei møteulykke på Frei i Kristiansund. Ingen blei alvorleg skadd.

Ulykke ved Bolgasvingen på Frei

To bilar kolliderte i 70-sona ved Bolgasvingen på Frei.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var klokka 14.53 søndag at politiet fekk melding om frontkollisjonen ved Bolgasvingen, på riksveg 70 på Frei i Kristiansund. To personar vart flogne til St.Olavs hospital i Trondheim i luftambulanse.

Politiet sa først at dei to personane var alvorleg skadde, men stabile.

Klokka 18.50 opplyser politiet at dei to har moderate til lettare skader, etter å ha fått ei oppdatering på helsetilstanden frå sjukehuset.

Det var tre personar involvert i ulykka. Innsatsleiar på staden, Morten Hammerås, seier at den tredje personen ikkje skal vere alvorleg skadd, slik han har oppfatta det. Denne personen blei sendt til sjukehus i ambulanse.

Morten Hammerås er innsatsleiar

Morten Hammerås er innsatsleiar på staden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ulykka skjedde i 70-sona og det var svært glatt på staden. Om det var årsaka til ulykka, veit ikkje politiet.

Vegen var stengt ei stund medan politiet gjorde undersøkingar på staden.

Vegen er no open att, opplyser Statens vegvesen.

Ulykke ved Bolgasvingen på Frei i Kristiansund

Tre personar vart sendt til sjukehus etter ulykka.

Foto: Eirik Haukenes / NRK