Hopp til innhold

Tjuvstartar med kjeldevatn for TV-aksjonen

Økologisk drikkevatn frå lokal kjelde skal vere med og sikre reint og trygt vatn til millionar andre. 39 tenåringar i Nesset har sitt heilt spesielle opplegg for TV-aksjonen.

Konfirmantane i Nesset

Dei 39 konfirmantane har pakka 100 kartongar med kjeldevatn som dei skal selje til bygdefolket laurdag. Eit kjekt prosjekt å vere med på som dei vonar vil gi gode resultat.

Foto: Nesset kommune

Dei bur like ved ei av dei beste vasskjeldene i landet, Syltebøkjelda i Eresfjorden. Vatnet som den lokale vassprodusenten Eirawater AS tappar på flasker og kartongar er så reint at det er godkjent som økologisk drikkevatn. Produsenten har stempel frå Mattilsynet om at vatnet på flaskene deira er økologisk, som er einaste i sitt slag i Europa.

Agnes

Agnes Pangani som må bruke fem timar kvar dag for å hente reint vatn til familien, har blitt symbolet for årets TV-aksjon.

Foto: Kirkens Nødhjelp

– Klart vi måtte nytte oss av lokalt vatn når vi skulle vere med på eit vassprosjekt gjennom TV-aksjonen! Det har vore veldig moro å jobbe med dette, og konfirmantane har vore kjempeflinke, seier kateket Lynn Brakstad.

Ho skryt uhemma av dei 39 tenåringane med liv og lyst har gått inn i prosjektet. Maken til konfirmantar skal du leite lenge etter, meiner Brakstad.

Agnes gjorde inntrykk

Alt under den første konfirmantleiren i haust, fekk 14-åringane sjå filmen om Agnes som må gå fem timar for dag for å hente vatn. Historia om 12-åringen i Tanzania gjorde inntrykk.

Det var veldig sterkt å sjå historia om Agnes. Vi sat der og brått kom ideen om at vi kunne selje vatn for å hjelpe Agnes og alle andre som slit for å skaffe drikkevatn til seg og familien. Vi syntest det var kjempekult, seier ein av konfirmantane, Sonde Morewood Mittet.

Kort fortalt tok dei kontakt med Eirawater i heimbygda, ordføraren kom inn i biletet og lova sponsing av 10-liters dunkar med vatn, og vips, der hadde dei opplegget klart.

Utan bob-bob

Kirkens Nødhjelp og slagordet om at vatn endrar alt, har vore ein del av konfirmantundervisninga i heile haust. Og tenåringane er ikkje i tvil om at det blir lettare å få inn pengar til TV-aksjonen no når dei har eit produkt å by fram.

Sondre Morewood Mittet

Sondre Morewood Mittet er ein av 39 konfirmantar i Nesset som er spent på responsen når økologisk vatn skal seljast i heimkommunen.

Foto: Privat

– Å gå rundt med bøsser kan bli litt bob-bob. Men når dei som treng det, kan få reint vatn og brønnar i nærleiken av der dei bor ved at vi sel vårt vatn, blir det noko heilt anna. Det er mykje symbolikk i det, meiner Sondre.

Sondre fortel at alle konfirmantane synes det har vore eit kjekt prosjekt å vere med på.

– Det er skikkeleg meiningsfylt og kjempeartig. Det er veldig positivt at vi kan vere med på å hjelpe andre på denne måten, seier han.

Kommunen sponsar

Det er ikkje ofte tenåringar blir inviterte til kommunehus for å snakke med den politiske leiinga. Men i Nesset skjedde det. Konfirmantane blei inviterte til formannskapet med ordføraren i spissen. Der fekk dei informasjon om det opplegget for innsamlinga i Nesset og forstod at dei hadde fått ein viktig plass i det heile.

Så no har vi pakka vatnet inn i praktiske øskjer, og slått flotte, lilla sløyfer rundt. I dag sel vi så 10-liters dunkar økologisk drikkevatn for 100 kroner pakken. Dersom alt går som vi vonar, får vi inn 10.000 kroner på denne måten, seier den optimistiske dugnadsgjengen i Nesset.

Konfirmantane og ordføraren i Nesset

Ordførar Rolf Jonas Hurlen snakkar med konfirmantkullet om korleis kjeldevatn frå Eira kan vere med og sikre pengar til TV-aksjonen.

Foto: Nesset kommune

Tjuvstartar i dag

Agnes

Dersom Agnes og millionar andre born slepp å bere vatn i timevis kvar dag, kan dei skifte ut vassbøtta med skulebøker. Det er eitt av måla med aksjonen i helga.

Foto: Kirkens Nødhjelp

I føremiddag vil konfirmantane med vassdunkane vere godt synlege ved matbutikkane i dei ulike bygdelaga i Nesset. T-skjorter med logoen til TV-aksjon stadfester at dette er seriøse saker.

– Det vil seie at folk i både Vistdal, Eikesdal, Eresfjord og Eidsvåg får sjansen til å sikre seg rimeleg vatn som går til ei kjempegod sak, seier Lynn Brakstad.

Kvinner og barn som får nytte av pengane dei unge i Nesset får inn, bur i Sudan, Sør- Sudan, Etiopia, Somalia, Tanzania, Afghanistan, Pakistan og Haiti.

Vi kjem rett og slett til å sette oss ned utanfor inngangsdørene til alle matbutikkane med vassdunkane våre. No berre gler vi oss og vonar alle vil kjøpe vatnet, er oppmodinga frå Sondre og dei 38 andre konfirmantane i Nesset.