NRK Meny
Normal

Tjuveri skapte hovudbry

Utanom eit stole trafikkskilt har russen vore rolege natt til søndag, melder politiet. Biltjuveri, sykkeltjuveri, lagerbrann og mykje slåsting gjer likevel at det var nok å gjere.

Politi

Politiet i fylket har hatt nok å gjere natt til søndag.

Foto: OLSEN, LINN CATHRIN / NTB scanpix

– Det var ein bil og hengar som blei meldt stole på dagen i går. I løpet av natta har vi funne hengaren, men ikkje bilen, sa operasjonsleiar Leif Ragnar Hoseth i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, søndag morgon.

Søndag ettermiddag kan politiet melde at dei har funne bilen i Averøy kommune.

I tillegg til hengaren har fem menn blitt funne – og arrestert.

– Dei er kjenningar av politiet, opplyser Hoseth til NRK.

Mistenkjeleg mann i garasje

På Sunnmøre har det òg vore problem med tjuveri av framkomstmiddel med hjul.

Laster Twitter-innhold

– Det var ein mann i 30-åra med austeuropeisk tilknyting. Han blei sett i arrest og vil bli avhøyrt, seier Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

– Returnér skiltet!

Både nord og sør i fylket blir det meldt om få problem knytt til russen. Litt høg musikk og ei avskilting var alle problema i Nordmøre og Romsdal.

På Sunnmøre har derimot éin russebil fått ei heilt eiga melding av politiet:

Laster Twitter-innhold

– Vi har ikkje fått tilbakemelding på at skiltet er på plass. Det blei stole mellom Bunnpris og Blåhuset i Ulsteinvik sentrum. Per no er vi usikre på om det er plass igjen, fortel Overøye til NRK.

Johan Arnt Overøye

Operasjonsleiar Johan Arnt Overøye fortel om få problem med russen natt til søndag.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Umotivert vald

Festbråk og slåsting har også skapt trøbbel i fylket. Klokka 03.51 blei ein person slått til umotivert i Sykkylven. Ein halvtime tidlegare blei to menn fjerna frå ein utestad i Ålesund.

– Den eine hadde truga den andre. Éin av dei blei meldt og kan rekne med eit førelegg, opplyser Overøye.

Lenger nord, i Sunndal, blei ein mann vist bort for både slåsting og skadeverk – og han vil bli meldt. I Kristiansund blir to menn i 20-åra melde.

– Det var ti over halv tre i Kristiansund at to menn blei henta inn for ordensforstyrringar. Begge mennene, i 20-åra, blir melde, seier Hoseth.

Brann enkelt sløkt

I tillegg til tjuveri og vald måtte politiet rykke ut til ein brann på Flatholmen i Ålesund.

Laster Twitter-innhold

110-sentralen melde om brann i eit lagerbygg og alle naudetatar rykka ut.

– Brannen blei sløkt raskt og vi har oppretta sak. Det er berre materielle skader, fortel Overøye.

Brannårsaka er ukjend.