Hopp til innhold

Politiet set innbrot i samanheng

To innbrot i Haram og eit innbrotsforsøk i nabokommunen gjer at politiet set dei i samanheng. I Brattvåg er ein god del sølvtøy borte frå eit hus.

Innbrot

Det var i løpet av helga at tjuvar tok seg gjennom eit vindauge i ein bustad i Brattvåg. Ingen var heime, og tjuveriet vart først oppdaga søndag.

– Ein god del sølvtøy er borte frå huset, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt.

I 01.30-tida natt til søndag vart det gjort forsøk på innbrot i eit hus på Stette i Skodje, men vedkomande vart oppdaga av huseigaren og la på sprang.

Søndag vart det oppdaga nok eit innbrot i Haram. Det har skjedd i Eidsvika i Tennfjord, der huseigaren har vore bortreist. Politiet har gjort åstadsundersøkingar der søndag kveld.

Også der er det stole sølvtøy.

– Det er borte verdiar for titusenar av kroner, men vi veit ikkje kor mykje, seier Amdam. Politiet set sakene i samanheng og tek rundspørjingar i området. Politiet ber også publikum om tips.

– Vi har fokus på å skaffe mest mogleg informasjon, seier Amdam.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL