Det var torsdag i førre veke at tjuveriet blei oppdaga. Mannen blei oppdaga av ein sjukepleiar då han hadde brote opp eit medisinskåp. Overlege Kjell Erik Strømskag ved anestesiavdelinga ved sjukehuset i Molde seier dei no må gå igjennom rutinane sine på nytt.
Fryktar for livet
Spesielt er Strømskag redd for bruken av stoffet leptanal. Laptanal er ein svært sterk medisin, som lammar pusten, og dei som tek denne medisinen utan kyndig tilsyn utset seg sjølv for livsfare, seier Strømskag.
Politiet har funne noko av all den medisinen som blei stole - men den farlege laptanale er framleis ikkje funne. Dette uroar Strømskag.
Politiet har ikkje pågripe mannen, og har heller ikkje spor etter stoffet.
Strømskag fryktar for livet til personar som kan tenkast å bruke stoffet.