Ein teknisk feil gjorde at dørene i daglegvarebutikken sto ulåste, og dermed var det berre å forsyne seg for tjuven som søndag kom til Rema 1000 i Nedre Strandgate i Ålesund.
Heile den store matbutikken, med vått og tørt, låg framfor føtene hans, og det første han møtte på var bugnande diskar med eple og klementinar.
Like innanfor ein stor disk med alle verdas slags delikatesser med kjøt og roastbeef, skinker, ribber, pølser og mør.
Tok med kjøtdeig og øl
Men det einaste han tok med seg var ein pakke kjøtdeig og seks boksar med øl. Til saman har det ein butikkpris på rundt 250 kroner.
Butikksjef Tore Havnegjerde vedgår at det ikkje var allverda.
– Det var sikkert dette han hadde lyst på, ler han.
For då politiet, som held til berre eit par hundre meter unna matbutikken, kom fram til tjuven på søndagstokt, møtte dei han på veg ut med varene i hendene.
Sensorar hos alarmsentralen viste at tjuven hadde vore rundt i heile butikken før han plukka med seg dei to pakkane.
Varer for fem-seks millionar
Den store Rema-butikken har varer for fem-seks millionar kroner, opplyser butikksjefen. Han er ikkje i tvil om kva som er det verste tjuven kunne stukke av med.
– Det dyraste vi har er ein del av kjøtvarene, eventuelt barberblad, seier Havnegjerde.
Truleg teknisk svikt
Sjefen sjølv seier situasjonen er litt pinleg, sidan han sjølv var i butikken tidlegare på dagen søndag. Sjølv om han forvissa seg om å låse, har han gått frå butikken ulåst. Han trur vêret kan ha spelt han eit puss.
– Av og til får vi problem med låsane når det er sterk vind ute. Uansett er det ein teknisk feil. Heldigvis har vi eit svært godt alarmselskap, og politiet like unna. Dei handla raskt, seier han.
Tjuven har truleg ikkje vore i butikken meir enn nokre få minutt. Ifølgje Havnegjerde gjekk alarmen umiddelbart då han steig inn i lokala.
Til avhøyr søndag ettermiddag
Mannen er ifølgje politiet 21 år gamal og busett i Ålesund. Han skal vere registrert hos politiet tidlegare.
Søndag ettermiddag blei han avhøyrt, sett fri og gitt ei bot.
Politiet vil ikkje seie kor stor bot mannen fekk.