NRK Meny
Normal

– Eg trur vi har hatt veldig flaks med vêret

Torkjell Hovland og Ingrid Dissen unngjekk fullstendig det grå vêret og glei rett inn i perfekt påskesol fredag. – Vi tok med oss sola, smiler paret.

Torkjell Hovland og Ingrid Dissen

Torkjell Hovland frå Ørsta og Ingrid Dissen frå Oslo på Bondalseidet i det flotte påskevêret langfredag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Det er så greitt at ein kan ta skiheisen heilt opp og gå i langrennsløypene på toppen, seier Hovland på toppen av Bondalseidet i Ørsta.

Han var éin av svært mange som var i fjellet fredag. Det er langt frå snøfylt, men i høgda er det snø, og på Bondalseidet fraktar dei skiglade heilt opp.

– Det har vore heilt fantastisk, det er fantastisk vêr. Eg trur vi har hatt veldig flaks, for vi kom nettopp, fortel Dissen, kjærast til Hovland.

Alva Grønnevik

Alva Grønnevik (9) frå Bergen har kosa seg stort på Bondalseidet på langfredag.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Ho vitjar Bondalseidet for første gong og smilte frå øyre til øyre då NRK møtte paret fredag. Dei to fortel at flyet deira frå Oslo landa i tåke, men at tåka letta og finvêret kom nesten med ein gong.

Stor skiglede

Om vêret faktisk har blitt med eit Oslo-fly til Ørsta kan ikkje NRK gå god for, men svært mange såg ut til å vere fornøgde fredag. Éi av dei som tok turen var ni år gamle Alva Grønnevik frå Bergen.

– Eg har tatt trekket opp og stått nedover, og så har eg gått ein tur på langrenn også. Dagen har vore veldig fin, smiler den blide niåringen.

Ho er på besøk med mormora i Ørsta, men fredagen blei brukt på fjellet

– No skal eg renne ned bakken her, seier Alva, før ho forsvinn frå NRK-reporteren.

Elendig snøår

Ole Flø

Ole Flø, som er vakt på Bondalseidet i Ørsta, kan ikkje hugse å sett så lite snø oppe i høgda i påska.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

På topp og botn av dei mange skitrekka på Bondalseidet var det rutinerte menn og kvinner som arbeidde frå tidleg på dag. Ole Flø har jobba som vakt i mang eit tiår og fortel om eit spesielt dårleg snøår.

– No er det sein påske, men alt de ser av kvitt er på grunn av snøproduksjon. Eg har heldt på her sidan eg var gutunge, men eg kan ikkje hugse å ha sett så lite snø i høgda som i år, fortel den rutinerte mannen.

Flø seier at utfarten har vore enorm når sola og snøen er å finne.

– Når det er solskin er det mange som dreg opp, fortel ein blid Flø.

– Håper på fleire dagar

Rune Moltudal

Rune Moltudal som jobbar i skianlegget på Bondalseidet i Ørsta håper på gode påskedagar.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

På toppen av skitrekka står Rune Moltudal og assisterer unge og gamle med ski og snøbrett om føtene.

– Det har vore veldig mange folk opp og ned i dag. Vi har ein kapasitet på 580 personar i timen med stolheisen og den har vore fylt, seier Moltudal til NRK.

Han er godt fornøgd med langfredagen, sjølv om han gjerne skulle hatt nok snø å tilby slik at dei besøkande kunne stått på ski i heile anlegget.

– Det har vore ein utfordrande vinter, der vi har produsert snø på alle kuldegrader vi har hatt tilgang på, men det har regna vekk like fort. Dagar som i dag er veldig viktig, og eg håper vi får fleire slike dagar i påska, avsluttar Moltudal på Bondalseidet i Ørsta.

Langfredag på Bondalseidet

Mange hadde tatt turen til Bondalseidet langfredag.

Foto: Jannicke Farstad / NRK