Hopp til innhold

Skiløpar fekk skuldra ut av ledd etter møte med kåt tiur

Ein tiur terroriserer bygdefolk i Rauma. Daniel Due-Tønnessen enda på sjukehus etter møtet med den aggressive fuglen.

Daniel Due-Tønnessen møtte på ein tiur på veg heim frå skitur. Det vart eit heftig møte.

Daniel Due-Tønnessen møtte på ein tiur på veg heim frå skitur. Det vart eit heftig møte.

– Eg hadde ei dårleg kjensle, seier Daniel Due-Tønnessen.

Tysdag var legen og ein kamerat på topptur på ski på det populære fjellet Tarøysa i Rauma.

Då dei kom ned igjen til parkeringsplassen stod der ein tiur. Kompisen kom seg unna den sinte fuglen og inn i bilen.

Due-Tønnessen la på sprang.

Daniel Due-Tønnessen fekk skuldra ut av ledd etter slåsskamp med ein tiur

Daniel Due-Tønnessen fekk skuldra ut av ledd då han slo med skistaven for å unngå å bli angripen av tiuren.

Foto: privat

Skuldra gjekk ut av ledd

Tiuren kom mot han i ei frykteleg høg fart.

– Eg slo i lufta med eine skistaven for å skremme han, men han brydde seg ikkje.

Fuglen kom nærare og nærare og Daniel Due-Tønnesen slo hardare og hardare. Han følte at tiuren gjekk etter auga hans.

Under dramaet kjende han at det var noko rart med skuldra og forstod at den hadde gått ut av ledd. Han hadde sterke smerter og følte seg ei stund underlegen i slåstkampen mot den krigerske tiuren.

– Eg kunne ha blitt alvorleg skadd, seier han.

Med begge armane samla han krefter til eit siste avgjerande slag.

Fuglen flaug då heldigvis av garde og han fekk kasta seg i bilen. Etter dramaet blei Due-Tønnesen innlagt på sjukehuset i Molde til dagen etter.

Per Egil Solli-Mork

Per Egil Solli-Mork i viltnemda i Rauma seier at dei vil prøve å flytte tiuren til ein stad der han ikkje plagar folk.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Ein kjenning av viltnemnda

Den hormonelle tiuren er ikkje framand for viltnemnda. Han har gått til åtak på bilar og folk både i år og i fjor. Dagen etter at Due-Tønnessen var i slåstkamp, måtte ein betongbilsjåfør flykte frå fuglen.

Per Egil Solli-Mork i viltnemnda i Rauma seier at dei flytta tiuren til eit område ein kilometer unna det populære turområdet tysdag. Då hadde han plaga ei yogagruppe på ein veranda i bygda.

– Vi fanga han i ei boks og sette han frå oss i skogen, seier Solli-Mork.

Tiuren har deretter oppsøkt parkeringsplassen der det kryr av skiløparar og hyttefolk. No jobbar viltnemnda for å få fatt i han, slik at dei kan flytte han til eit område der han ikkje plagar folk fram til han roar seg etter 17. mai.

Alv Ottar Folkestad

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier at ein ikkje bør slost med ein tiur, men prøve å kome seg bort.

Foto: Arne Flatin / NRK

Spelegal

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier det er eit kjent fenomen at tiur kan oppføre seg slik når det er tid for tiurleik, men det skjer likevel ikkje veldig ofte.

Vi kallar det spelegalne tiurar. Det er eit mønster i det. Dei oppsøker plassar der det er andre skapningar – i dette tilfellet folk.

Skader på bil etter tiurangrep i Rauma

Bilen dei to skikompisane køyrde har fått skader for fleire tusen kroner etter møtet med tiuren.

Foto: privat

Ute i naturen er det harde bod kvar vår for fuglane i ein tiurleik. Den sterkaste vinn, og får velje røyene han vil pare seg med. Når ein tiur blir spelegalen, kan dei same kreftene bli retta mot folk. Han oppsøker gjerne stadar der det er liv og røre.

Når dei går laus på blanke flater som bilar, er det fordi dei ser sitt eige spegelbilete og trur det er ein rival.

Folkestad seier at ein absolutt ikkje bør prøve å slost med ein stor og sterk tiur, men heller finne ly, eller kome seg vekk.

For små born kan ein slik fugl vere direkte farleg.

Daniel Due-Tønnesen

Daniel Due-Tønnesen blei til slutt henta av ambulanse og tatt med til sjukehus. – Der fekk eg hjelp av kompetente folk.

Foto: Privat

Pappaperm med vond arm

For Daniel Due-Tønnessen fekk møtet med tiuren store konsekvensar. Sjølv om skuldra raskt blei sett på plass att på sjukehuset, har han framleis store smerter og må halde arma i ro. Det passar dårleg når han har pappapermisjon og det blir mykje bering av baby.

– Det er vanskeleg å skifte bleier med ei arm, seier småbarnsfaren.

– I ettertid kan eg sjå humoristisk på det, men det kjentes dramatisk då det skjedde.

Ein kranglete tiur vart flytta langt til skogs, men den fann likevel tilbake til andre folk den kunne herse med.

Den kranglete tiuren vart flytta langt til skogs, men den fann likevel tilbake til andre folk den kunne herse med.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL