Hopp til innhold

Tipsa R8Me-kjøp til Økokrim

Fylkestingsgruppa til Framstegspartiet har tipsa Møre og Romsdal fylkeskommune sitt kjøp av selskapet R8Me inn til Økokrim.

I meldinga heiter det at gruppa ønskjer at Økokrim skal etterforske saka slik at det kan bli avgjort om det ligg føre noko uregelmessig. Kjøpet har svekka omdømet til Møre og Romsdal fylkeskommune, skriv Framstegspartiet.

Leiar i fylkestingsgruppa Geir Stenset seier dei vurderte å politianmelde saka, men valde heller å bruke Økokrim si tipsordning av praktiske grunnar.

Eit revisjonsfirma har kome med krass kritikk av kjøpet - og denne rapporten skal opp til behandling i kontrollutvalet i morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL