Ein av bodgivarane ba retten gripe inn fordi han meiner saksbehandlinga har vore kritikkverdig. Varaordførar Jostein Hole seier det er rot i samband med bodrunden som gjer at retten har gripe inn.
Bodet blei gjort kjent
Varaordføraren seier at bodet som låg på bordet blei gjort kjent for ein av dei andre bydarane, og det kom eit nytt bod seinare på kvelden.
– Hadde det bodet lege på bordet på linje med dei andre, altså utan at det var kjent kva dei andre boda var, så hadde dette vore heilt ukomplisert, seier Hole.
Høgstbydande fekk ikkje tilslaget
Måndag denne veka vedtok formannskapet i Stranda å selje to hyttefelt på Strandafjellet til eigedomsselskapet Merafta Eiendom på Jar for 3,9 millionar kroner. Vedtaket blei gjort sjølv om det høgste bodet var 325.000 kroner høgare. Dei som kom med det høgste bodet, Strandafjellet Hyttegrend, gjekk rettens veg, og i går ettermiddag sette Sunnmøre Tingrett foten ned og forbaud sal fram til tvisten mellom bodgjevarane og kommunen er er løyst.
Tek sjølvkritikk
Formannskapet trassa rådmannen og valde likevel å gje tilslaget til Merafta som hadde det nest høgste bodet. Rådmann i Stranda, Ole-Johan Lillestøl, vedgår at det har vore rot i samband med bodrunden. Lillestøl tar sjølvkritikk for det, men meiner ingen i ettertid kan seie at ikkje alle er behandla likt totalt sett.
Ekstraordinært møte
Retten greip likevel inn fordi formannskapet valde å ikkje gje tilslaget til dei som ga det høgste bodet. I dag er det innkalt til ekstraordinært formannskapsmøte, der kommunen skal drøfte korleis dei skal gå fram vidare i saka.