Tingrettar kan vere redda

Tingrettane i Volda (bildet), Kristiansund og Molde kan vere redda. Domstolskommisjonen har tidlegare foreslått å legge ned rettsstadene, men Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og SV har bestemt seg for å seie nei til regjeringa sitt forslag om å redusere talet på rettskretsar i Noreg. Dei fire partia, som har fleirtal på Stortinget, gjer det no klart at dei kjem til å stemme imot om regjeringa foreslår å endre talet på kretsar. Regjeringa sin domstolsreform skal etter planen bli lagt fram for Stortinget i juni. – Alle som har vore redd for domstolen sin har no grunn til å puste letta ut. Fordelen med at det ikkje lenger er fleirtalsregjering er at ein kan få til ulike konstallasjonar som kan få til ting i lag, seier Jenny Klinge (Sp).

Tingrettsbygningen i Volda
Foto: Arne Flatin / NRK