NRK Meny
Normal

Ting er fjerna frå hola på Veøya

Dei mange hola som er grave opp på historiske Veøya i Romsdal, er no undersøkte av fylkesarkeologen. Alle var tomme.

Oppgravde hull på Veøya

Over 100 hol viser på marka over delar av det verna landskapet på Veøya.

Foto: Bjørn Ringstad

Det var for vel ei veke sidan at det blei oppdaga rundt 100 hol i den verna jorda på den historiske Veøya i Romsdalsfjorden. Dei mange hola er truleg merke etter at nokon har gått over marka med metalldetektor, og spadd opp ting som låg der.

Ingen veit kva som er funne i holene, og kvar det har teke vegen. Frykta er at det skal vere verdfulle kulturskattar.

– Her har dei teke noko, og det er tydeleg at dei har funne noko alle stader, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad til Romsdals Budstikke.

Bjørn Ringstad

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad har slått fast at ting er fjerna frå alle hola på Veøya.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Saman med Møre detektorlaug, var fylkeskonservatoren på øya i går og undersøkte åstaden.

– Dei som har leitt her har visst kva de var ute etter og kvar dei skulle gå, sa fylkeskonservator Bjørn Ringstad til NRK då hola blei oppdaga.

Utgraving på Veøya

Professor i historisk arkeolog Brit Solli har for fleire år sidan gjort utgravingar på Veøya, og mellom anna funne spor etter ei kyrkje frå 900-talet.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Truleg ein persons verk

Pål Aure i detektorlauget seier til avisa det truleg berre er ein person som har vore på ferde på øya. Han meiner det har teke to-tre timar å grave opp hola.

– Dette er ikkje bra, og eg kan aldri tenke meg at det er nokon som driv seriøst som har gjort dette, seier han til avisa.

Oppgravde hull på Veøy

Jorda på Veøya er full med hol etter hol laga av den som jakta på skattar i jorda, truleg ved bruk av metalldetektor.

Foto: Bjørn Ringstad

Bjørn Ringstad seier det ikkje er aktuelt å grave meir på Veøya no. Dersom det skal leitast etter fleire minne frå farne tider i jorda der, må det vere i samband med eit vitskapleg undersøking, seier han til Budstikka.

Saka om hola på Veøya er framleis under politietterforsking.