Hopp til innhold

Tine-pengar til mjølkebønder

Dei 850 mjølkebøndene i Møre og Romsdal får i snitt vel 100 000 kroner i etterbetaling frå rekordoverskotet til Tine.

Jan Ingvar Aasen i fjøsen på Aspøya

Jan Ingvar Aasen har 24 mjølkekyr, og nyt godt av etterbetalinga frå Tine.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ein av dei 850 er Jan Ingvar Aasen på Skjevlingen på Aspøya i Tingvoll. Han har 24 mjølkekyr på fjøsen, om lag som eit normalbruk i Møre og Romsdal.

Jan Ingvar Aasen tok over samdriftsgraden for fullt i fjor, etter å ha drive saman med faren, Arne Magnus.

Pengane kjem godt med

– Det er gledeleg at våre eigne bedrifter går godt, og at vi får ein del av denne kaka. For min del blir det rundt 100 000 kroner, og det kjem godt med, seier Jan Ingvar.

Han er også bondelagsleiar i Straumsnes og Tingvoll.

– Det er pengar vi lever av, vi også. Så rekordutbetalinga frå Tine inspirerer, vedgår Aasen.

Store kostnader

Møre og Romsdal er eit av dei største mjølkefylka i landet. Aasen ler når han får spørsmål om det er godt å vere mjølkebonde. Men han vedgår at situasjonen har betra seg, mellom anna fordi renta er låg. På minussida kjem at kostnadssida har auka.

Han kan vise til kostnaden ved å legge om til moderne drift med robotar og lausdriftskravet som kjem om nokre år.

– Det er utfordringar i landbruket, og det er ikkje roseraudt sjølv om vi no får denne etterbetalinga frå Tine.

Angrar ikkje på satsinga

Arne Magnus Aasen i Tingvoll

Arne Magnus Aasen trappar ned til fordel for neste generasjon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Senior, Arne Magnus, har altså overført garden til neste generasjon. Han er tillitsvalt som ordførar i Noregs Bondelag, og har vore fylkesleiar i organisasjonen.

– Ofte har eg lurt på om det var rett satsing for 30 år sidan. Men eg angrar ikkje, sjølv om utviklinga har gått raskare enn venta, då vi flytta til Skjevlingen.

No overlèt han med godt samvit garden til sonen, som i tillegg til mjølkeproduksjonen også har kjøtproduksjon og sauehald å ta ansvaret for.

– Neste generasjon får ta sine val, og pengane frå Tine var nok ei vitaminsprøyte. Men skulle overskotet der bli stort også i framtida, bør pengane kome som betre pris for mjølka og ikkje som etterbetaling.