Hopp til innhold

Tine legg ned mjølkeproduksjonen i Ålesund

Meieriselskapet Tine legg ned all produksjon av mjølk i Ålesund. Samstundes varslar konsernet reduksjonar over heile landet.

Meieriet i Ålesund

Tine-anlegget i Ålesund skal i framtida produsere berre dessertar, sausar og puddingar. 30 tilsette mister arbeidet.

Foto: Pressebilde

Meieriet i Ålesund produserer både mjølk i kartongar og dessertar og puddingar. No varslar selskapet at puddingproduksjonen får halde fram, men at 30 tilsette i mjølketappinga mistar arbeidet.

All produksjon av konsummjølk blir flytta frå Ålesund til Tunga i Trondheim. Samstundes blir det 10 nye arbeidsplassar på Tunga i Trondheim.

– Vond spiral

Tine forklarar endringane med at forbrukarane drikk mindre mjølk enn før og at Noreg importerer mykje mjølkeprodukt frå utlandet.

konsernsjef Gunnar Hovland i Tine

Gunnar Hovland er konsernsjef i Tine.

Foto: Ole Martin Buene / Ole Martin Buene

– Det er aldri hyggeleg å legge ned arbeidsplassar. Men vi må gjere alt som står i vår makt for å vere konkurransedyktige, seier konsernsjef Gunnar Hovland.

Han seier at selskapet er inne i ein vond spiral som blir forverra av at konkurrentar tek imot det han kallar sentraliserande subsidiar.

– Skuffande

Tine er eigd av nesten 9000 mjølkebønder og har om lag 3900 tilsette ved 34 anlegg i Noreg.

Konserntillitsvald Tor Arne Johansen, seier mange tilsette er redde for følgjene av stadig større sentralisering av norsk mjølkeproduksjon.

– Tillitsvalde og tilsette ved meieria har gjentekne gonger minna både lokale og sentrale styresmakter på kva som skjer. Det er skuffande at vi så langt ikkje har blitt lytta til, seier Johansen.

Filip Rekdal, hovedtillitsvalgt ved Tine Meieri i Ålesund.

Filip Rekdal er hovudtillitsvald ved Tine meieri i Ålesund.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Tilsette er prega

Tillitsvald Filip Rekdal i Ålesund seier at dei som mistar jobben er prega, sjølv dei var budde på det som kom.

– Dei er definitivt litt emosjonelle akkurat no, seier Rekdal. Han håper at nye prosjekt på meieriet kan gi jobbmoglegheiter.

Jan Heggem er anleggssjef og har sett utviklinga over tid. Han visste kva veg det gjekk sidan nordmenn drikk mindre mjølk og synest det er trist.

– Folk tenker jo på korleis dei skal klare kvardagen utan jobb. Det er eit dårleg tidspunkt. Prisane stig, renta stig, så det er klart at folk blir bekymra, seier Heggem.

Jan Heggem, anleggssjef ved Tine Meieri i Ålesund

Jan Heggem er anleggssjef og forstår at folk er bekymra fordi dei mistar jobbane no.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Uro for kutt i Nordfjord

Ved Tine sitt anlegg på Byrkjelo i Nordfjord kan i første omgang ti arbeidsplassar stå i fare. Dette gjeld ei avdeling som pakkar ost.

Er det grunn til uro for at endå fleire arbeidsplassar kan ryke?

Det ei viss uro for at mjølkevolumet er sterkt fallande. Også ostesalet har nedgang. Om den utviklinga held fram, så vil det vere uro kring fleire arbeidsplassar framover, seier anleggssjef Thorkild Heieren.

Skal sjå på anleggsstruktur

Torsdag varslar Tine at selskapet også skal sjå på anleggsstrukturen over heile landet. Ein ny gjennomgang skal involvere om lag halvparten av alle dei 34 anlegga Tine har i Noreg.

– Vi har fleire mindre anlegg som er spreidde ut over i landet. Med fallande mjølkeforbruk, betydeleg import, aukande grensehandel og ein konkurranse som spissar seg til så blir voluma reduserte. Vi er allereie der at vi må tilpasse oss dette, seier konsernsjef Gunnar Hovland.

Tine Meieri i Ålesund

All tapping av konsummjølk blir flytta frå Ålesund til Tunga i Trondheim

Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK