I dag var det opning av det nye anlegget i Elnesvågen. Gassanlegget skal erstatte olje i oppvarminga av anlegget.
Eit tidlegare oljefyrt anlegg er bygd om til gassdrift. På gasskjelen er det også varmegjevinning, slik at ein får utnytta opp til 95 prosent av energien.
Dessutan har anlegget fått ein ny gassmotor som kan levere 1100 kilowatt og kan brukast til naudstraumsaggregat.
Vidare kan denne gassmotoren koplast inn som avlastning når straumbelastninga i området er ekstra høg.
Milepel
- Dette er ein milepel for oss, seier meierisjef Espen Schefte til NRK Møre og Romsdal. Å erstatte olje med gass er ei veldig god sak for oss, det gir oss økonomisk gevinst og det gir ein stor miljømiljøgevinst. Miljøutsleppa blir dramatisk redusert. Støv og svovelutslepp forsvinner helt. CO2 blir redusert med 25 prosent og nox-utslepp med 70 prosent.

Tine i Elnesvågen. Foto: Gunnar Sandvik.
Frå Sunndalsøra
Metangassen blir frakta i frosen form med tankbil frå Sunndalsøra til Elnesvågen, men på sikt blir den erstatta med gass frå Ormen Lange-feltet, og som blir ført i land til Aukra.
Billigare
Scefte seier at det nye anlegget kan føre til billigare meieriprodukt i framtida. - Ja, det er derfor vi gjer dette, den økonomiske effekten er like viktig som miljøeffekten, seier haN.
Naturgass Møre
Selskapet Naturgass Møre har til no hatt eit anlegg på Sunndalsøra. No blir verksemda til dette selskapet utvida til også å gjelde Elnesvågen. Gassen som blir brukt kjem frå Kollsnes, fordi det ikkje har kome gass frå Aukra enno.

Tore Nordal, adm.dir. Naturgass Møre. Foto: Gunnar Sandvik.
- 1. oktober 2007 blir gassen levert frå Nyhamna i Aukra, seier administerande direktør i Naturgass Møre, Tore A. Nordal.
Naturgass Møre er eit lokalt eigd selskap, som skal drive med sal og distribusjon av naturgass her i fylket. Selskapet har ein terminal på Sunndalsøra. Etter at NEAS kjøpte 20 prosent av aksjane i selskapet, er alle dei store energiselskapa i Møre og Romsdal med på eigarsida i selskapet.