NRK Meny
Normal

Tiltalte i valdtektssaka hevda at han berre ville hjelpe kvinna

SUNNMØRE TINGRETT (NRK.no): Den eldste tiltalte i valdtektssaka i Ålesund hevdar at han berre ville hjelpe kvinna. Den yngste tiltalte hevda at han traff kvinna tilfeldig i ein trappeoppgang, og at han hadd frivillig sex med kvinna etter at ho tok initiativ til det.

Kjetil Gjøen

Rettens formann Kjetil Gjøen saman med ein av lekdomarane.

Foto: Terje Reite / NRK

Kvinna forklarte i går at ho var redd, at ho blei valdteken av to menn samstundes og at ho truleg var blitt dopa ned. Prøvene som blei tekne av kvinna kvelden etter hendinga viser ikkje teikn på medikament.

Ho hadde vore på byen saman med venninner. Då festen gjekk mot slutten endra alt seg. Ho sa ho fekk ein type rus ho aldri har hatt før.

Ingvild Thorn Nordheim

Ingvild Thorn Nordheim er aktor i saka.

Foto: Terje Reite / NRK
Dagfinn Tynes

Dagfinn Tynes er forsvarar for den ungste av dei tiltalte.

Foto: Terje Reite / NRK
Inger-Marie Sperre

Inger-Marie Sperre er bistandsadvokat.

Foto: Terje Reite / NRK
Reidar Andresen

Reidar Andresen er forsvarar for den eldste av dei tiltalte.

Foto: Terje Reite / NRK

Eg trur eg var blitt dopa ned, forklarte ho i retten i går.

Ifølgje tiltalen blei kvinna valdteken av to menn som var saman om valdtekten. I dag har begge dei tiltalte forklart seg. Begge mennene var på same utestad som kvinna. Og begge mennene hamna i same hus. Verken mennene eller kvinna budde i huset i Sundgata 7, som er eit hus med bustader som blir disponert av asylsøkjarar.

Avviser valdtekt

Begge tiltalte avviser kategorisk at det er snakk om valdtekt. Den eldste tiltalte forklarte at han ville hjelpe kvinna til ein stad ho kunne sove. Den andre tiltalte forklarte at han møtte kvinna tilfeldig i trappeoppgangen i Sundgata 7.

Kvinna forklarte at valdtekten gjekk føre seg i eit loftsrom. Den eldste tiltalte vedgår sex i dette loftsrommet. Den yngste tiltalte hevdar han aldri har vore i dette romet, og at han berre hadde kontakt med kvinna i trappeoppgangen.

Møtte henne på utestad

Den eldste tiltalte forklarte at han møtte kvinna på ein utestad i Ålesund. Dei var i ferd med å gå, og kvinna spurte om han kunne hente jakka hennar. Han forklarte at han kunne hugse at ho var på staden saman med vener. Men slik han oppfatta det, hadde det oppstått ein konflikt mellom kvinna og venene hennar.

– Ho heldt meg roleg i handa, og ho forklarte at folka rundt oss var venene hennar, sa den tiltalte.

Den tiltalte hadde ei grundig og detaljert forklaring. Han la heile tida vekt på at han berre ville hjelpe jenta. Han forklarte at jenta var blitt ekskludert frå vennegjengen og at ho trengte hjelp.

– Ho ville snakke med ein mann, men han skubba henne bort. Ho snakka også med ei venninne med gult hår. Men det verka ikkje som om dei ville ha kontakt med henne lenger, forklarte den eldste tiltalte.

– Ville få henne heim

Mannen forklarte at han også ville kontakte drosje for å køyre henne heim. Då det gjekk opp for han at ho ikkje hadde pengar, såg han etter andre alternativ. Han kjende til at døra på huset i Sundgata 7 var open 24 timar i døgnet, og dei gjekk dit.

Ifølgje forklaringa til mannen ville han berre hjelpe. Han forklarte at han var trøytt, og ikkje ønskte å ha sex.

– Dette var ikkje valdtekt, og det skjedde ikkje med tvang, sa den tiltalte.

ikkje hadde sædavgang. Dette fekk aktor til å legge fram dokumentasjon som viste samsvar mellom tiltalte sitt DNA og funn på kvinna.

Mannen opplyste at han har vore i Noreg ulovleg i fleire år. I byrjinga var han i eit asylmottak i Oslo. Etter kvart «melde han seg ut» av systemet, og budde i Kristiansand. No har han eit utsendingsvedtak på seg.

– Frivillig sex

Den yngste tiltalte forklarte at kvinna alt var komen til Sundgata 7 då han såg henne første gongen. Mannen hadde planlagt å reise heim til Lerstad, men bussen kom aldri. Han hadde ein kjenning som budde i Sundgata 7, forklarte han.

– Då eg kom inn i trappeoppgangen såg eg ei kvinne og ein mann. Kvinna hadde bere eit laken rundt seg. Ho kasta lakenet, kom mot meg, pressa meg mot ein vegg og ville ha sex med meg, hevda mannen.

Den tiltalte hevda at det blei sagt lite i forkant av hendinga i trappeoppgangen. Han hevda likevel at kvinna spurte om korleis han kom til å reagere om ho melde han for valdtekt. Mannen hadde då forklart henne at han ikkje hadde gjort noko gale, og at han gjerne kunne køyre henne til politistasjonen om det var det ho ville.

Eg gjekk i fella hennar, sa den yngste tiltalte.

Under rettssaka i går forklarte kvinna at begge dei tiltalte valdtok henne samstundes på loftsrommet i Sundgata 7. Den yngste tiltalte hevdar at han aldri har vore i dette rommet. Prøver viser imidlertid at det er DNA på madrassen på loftsrommet som samsvarar med DNA frå denne tiltalte. Mannen meiner at dette DNA-et må ha blitt transportert dit via kroppen til kvinna.