Tiltalt for vald og truslar

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for vald og truslar mot den tidlegare sambuaren sin. Mannen i 30-åra skal mellom anna ha lugga, slått og sparka kvinna. Han skal også ha skadd og trua ho med eit skrujern. Mannen er også tiltalt for å ha kome med alvorlege truslar mot faren sin og for ein rekke tjuveri.