NRK Meny

Tiltalt for vald og truslar

Ein mann i 40-åra er tiltalt for vald og truslar mot politiet. Det var i juni i år at mannen klatra opp i klokketårnet ved Spjelkavik kyrkje og trua med å kaste ein kniv, samt å tenne på brennbar væske der politiet stod, då dei kom for å arrestere han. Ifølgje tiltalen skal han også ha vore valdeleg og kome med alvorlege truslar mot politiet medan han sat i arrest. Den utanlandske statsborgaren er også tiltalt for brot på utlendingslova etter å ha returnert til Norge, trass i at han var utvist frå landet.