NRK Meny
Normal

Skal ha mishandla kjærasten medan ho var på veg til sjukehus for å føde

Ein 51 år gamal sunnmørsmann er tiltalt for grov og gjentatt mishandling av den tidlegare sambuaren sin.

Ålesund tinghus

Ein mann er under tiltale ved Sunnmøre tingrett for grov vald og mishandling av sin tidlegare sambuar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Ein av episodane skal ha skjedd medan kvinna var på veg til sjukehus for å føde, og fleire gongar skal ungane ha vore vitne. Mannen er også tiltalt for drapstruslar mot ein annan mann.

I ein periode på åtte år skal mannen ha trua og mishandla sin tidlegare sambuar.

Hausten 2012 skal mannen ha tatt seg inn i huset der kvinna var og blant anna slått hovudet hennar inn i veggen. Han skal også ha slengt kvinna i golvet slik at ho landa på glasskår. Kvinna prøvde å rømme, men mannen slo henne igjen og trua med å drepe henne.

Fleire liknande tilfelle er nemnt i tiltalen. Sunnmørsmannen skal ha kasta kvinna i veggen, nedover ei kjellartrapp og tatt kvelartak på henne.

Han er tiltalt for brot på fire punkt i straffelova:

  • Straffeloven paragraf 219: For grov eller gjentatt mishandling, truslar, vald eller på annan måte krenka sin tidlegare eller noverande ektefelle, slektning, nokon i sin husstand eller omsorg. Fengselsstraff inntil seks år.
  • Straffelova paragraf 227: For i ord eller handling ha trua nokon med ei straffbar handling som har ei strafferamme høgare enn seks månader i fengsel. Fengsel inntil seks år.
  • Straffelova paragraf 291: For å ha skada eller øydelagd ein annan persons eigedom. Straffa er bøter eller fengsel inntil eitt år.
  • Straffelova paragraf 147: For å ha tatt seg inn i hus, fartøy eller motorvogn ved å gjere skade. (Mannen skal ha brote seg inn i kvinna sitt hus ved å bryte opp ytterdøra).