Hopp til innhold
Bildet som svindeltiltalt kvinne delte.

Dømd for svindel med strikkekle

Oppsummert

Ei kvinne er dømd til fengsel etter å ha lurt 44 kundar til å betale for strikkekle, som dei aldri fekk. Retten meiner ho systematisk og målretta svindla kundane.

  • Dømd til fengsel i 60 dagar

    Kvinna som var tiltalt for omfattande svindel med strikkekle, er dømd til fengsel i 60 dagar. I tillegg må ho betale tilbake dei summane ho har lurt frå dei 44 kundane sine over heile landet. I dommen heiter det at kvinna planmessig og systematisk har tileigna seg pengar frå andre personar.

  • Påstand i strikkesaka

    Politiet ber om fengsel i 70 dagar for romsdalskvinna som er tiltalt for å ha lurt 44 kundar over heile landet til å betale for strikkekle dei aldri fekk. Kvinna fortalde i retten i dag at oppgåvene voks henne over hovudet, og at ho sleit med rus- og speleproblem. Politiadvokat Vibeke Olsen Fagervold ser ikkje bort frå at fleire enn dei 44 kundane rettssaka gjeld, kan vere svindla av kvinna.

  • Ber om samfunnsstraff

    Kvinna sin forvar, Roy Peder Kulblik, meiner den tiltalte kvinna bør dømmast til samfunnsstraff framfor fengsel. Han viste mellom anna til at kvinna har rusproblem, og meiner ho bør få behandling samtidig. Kvinna la alle kort på bordet i politiavhøyr, og Kulblik meiner også dette tilseier at ho bør få mildre straff enn å hamne i fengsel.

    Roy Peder Kulblik
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Ber om 70 dagar i fengsel

    Aktor Vibeke Olsen Fagervold ber om fengsel i 70 dagar for romsdalskvinna som har vedgått å ha svindla over 40 strikkekundar over heile landet. Politiet ber også om at ho betalar tilbake over 70 000 kroner til kundane som har blitt svindla. Fagervold sa i retten at kvinna tatt på seg langt fleire strikkeoppdrag enn det var mogleg å fullføre, og må ha forstått at ho ikkje ville klare å levere alt ho sa ja til.

    Vibeke Olsen Fagervold
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Sende bilde frå sjukehus

    Ein av kundane forklarte seg i retten i dag om at ho i fjor sommar bestilte ein Marius-genser og betalte 1 000 kroner. Ho forklarte at den tiltalte kvinna sende bilde frå sjukehus og forklarte at ho på grunn av sjukdom ikkje kunne strikke. Deretter var ho ikkje lenger mogleg å få kontakt med. Etterkvart kom ho via ei Facebook-side i kontakt med over 50 andre som fortalte at også dei var svindla.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL