Tiltalt for svindel

Ei kvinne i 30-åra, som bur på Sunnmøre, er tiltalt for å ha svindla Nav for vel 900 000 kroner. Ifølge tiltalen lurte ho Nav til å tru at ho var åleineforsørgar frå 2010 til 2015 slik at ho fekk utbetalt ei rekke stønader. Kvinna skal i same periode ha budd saman med barnefaren i utlandet.