NRK Meny
Normal

Tiltalt for seksuell omgang med dottera

Ein mann i 50-åra frå Ålesund er tiltalt for å ha misbrukt dottera si frå ho var 12 år gammal.

Tiltalebeslutning

Ein mann i 50-åra er tiltalt i Sunnmøre tingrett for å ha hatt seksuell omgang med si eiga dotter.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Handlingane blir etter tiltalen sett på som utført under svært skjerpa omstende. Misbruket begynte då dottera var 12 år gammal og heldt fram i to år.

Handlingane gjekk føre seg i tidsrommet frå 2010 til april 2012.

Mannen er også tiltalt for å oppbevare 34 000 bilde og 196 filmar som viser barn i seksuelle situasjonar. Filmane har ei samla speletid på nærare 45,5 time.

Ifølge tiltalen i Sunnmøre tingrett produserte han også bilde av si eiga dotter.