NRK Meny

Tiltalt for psykisk og fysisk vald

Ei kvinne frå Sunnmøre er tiltalt for mishandling av sambuaren og barna deira. Kvinna er også tiltalt for psykisk vald mot sambuaren og barna deira, og for å ha kome med drapstrugslar mot sambuaren. Den fysiske og psykiske valden skal ha skjedd i perioden 2013 til 2014. Det går fram av ein tiltale frå Sunnmøre tingrett.