Hopp til innhold

Bestefar og onkel tiltalt for grove seksuelle overgrep mot 5-åring

Far og son i 30- og 60-åra frå Romsdal er tiltalt for omfattande seksuelle overgrep mot ei fem år gammal jente. Dei to er onkel og bestefar til jenta.

Ifølgje tiltalen har bestefaren gjennomført grove seksuelle overgrep mot jenta frå ho var fem til ho var sju år.

Onkel, og son til den andre tiltalte, er tiltalt for eitt overgrep mot jenta.

Mannen i 60-åra risikerer 21 års fengsel, medan sonen i 30-åra risikerer 15 års fengsel.

Overgrep likestilt med samleie

Bestefaren står tiltalt etter straffelova § 195, bokstav C, som omhandlar overgrep mot born under 10 år, og overgrep gjentekne gonger.

Han står i tillegg tiltalt under § 197, som omhandlar seksuell omgang med slektning i nedstigande linje.

Onkelen står tiltalt under § 195.

Begge dei to er tiltalt for overgrep på lik linje med seksuell omgang, med heimel i § 206.

– Erkjenner ikkje straffskuld

Forsvarar for bestefaren er Jan Todal, medan John Marius Dybvik i Kristiansund er forsvarar for onkelen.

– Ingen av dei to har erkjent straffskuld, og dei nektar på det sterkaste at det har skjedd.

– Dei hevdar det ikkje har førekome overgrep i det heile, fortel Dybvik.

Meldt i april 2010

Aktor i saka er statsadvokat Jan Hoel. Han fortel at saka blei meldt i starten av april 2010.

– Det starta med ei uromelding, følgt av dommaravhøyr. Så var det fire nye dommaravhøyr fram til det siste i februar 2012, seier Hoel.

Jenta har blitt avhøyrt i alt fem gonger.

– Politietterforskinga starta i april 2010, og tiltale blei tatt ut 20. august 2010.

Bistandsadvokat for jenta er Torill Karlsen. Ho vil ikkje seie noko om saka, anna enn at familien ønskjer ro rundt jenta.

Saka startar i tingretten den 12. desember. Aktor kjem til å attrå lukka dører når rettsforhandlingane startar.